Myklebustskipet

Myklebustskipet

Myklebustskipet er eit brent vikingskip som vart utgreve av arkeologen Anders Lorange på garden Myklebust i ein gravhaug på Nordfjordeid i 1874. Det vart ikkje funne trerestar, men arkeologane fann eit kollag som strekte seg 30 meter. Difor hadde skipet truleg ei lengde på minst 25 meter. I midten av gravhaugen fann dei samanrusta skjoldbuler, våpen og eit bronsekar. Der låg det aske og beinrestar av ein mannsperson på ca. 30 år.  Bronsekaret er frå Irland og er pynta med 3 emaljerte mannsfigurar. Ein av desse er kjend som «Myklebustmannen».  Karet er truleg plyndringsgods frå ei vikingferd til Irland.

Myklebustmannen er 7 cm høg.

Myklebustmannen er 7 cm høg.

Myklebustskipet er kanskje det største vikingskipet og det skipet med flest skjold som er funne i Norge. Det var større enn både Osebergskipet og Gokstadskipet, men vart gløymt fordi det var så dårleg bevart.

Mannen som var gravlagt i skipet kan ha vore kong Audbjørn som fall i slaget ved Solgjel i 876. Du kan oppdage fleire spanande ting om Myklebustskipet her:  http://home.online.no/~joeolavl/viking/myklebustskipet.htm

-Rakel og Benjamin-

Kjelder: http://no.wikipedia.org/wiki/Myklebustskipet

Advertisements

Roskildeskipet

Roskilde 6

Roskildeskipet frå Roskilde vikingmuseum i Danmark

Roskildeskipet frå Roskilde vikingmuseum i Danmark

Roskilde 6 er et dansk langskip som vart funne ved vikingskipshallen i Roskilde i 1997.Skipet var opprinneleg 36 m langt, og er det lengste krigsskip som nokonsinne er funne frå vikingtida. Skipet var eit langskip av type skeide med 39 par årer og ei besetning på cirka 100 mann. Av dei var 78 roarar. Skipet er datert frå cirka 1025, og vart truleg øydelagt og forlete rundt år 1060.

Skipet er bygd av eik og er av høg handverkmessing kvalitet. Analyser av treverket har vist at trea som skipet er bygd av, vart hogd i nærleiken av Oslofjorden, kanskje Østfold, eller meir sannsynlig Vestfold, i år 1025.

Skipet hadde blitt omhyggjeleg reparert og bar ikkje preg av slitasje, men akterstamnen hadde blitt delvis opphoggen truleg medan det var forsøkt trekt inn på lavt vatn. Reparasjonen vart sannsynlegvis utført ein stad i dei baltiske landa.

Sara og Gabriel

Ormen Lange

Olav Trygvasson ombord i Ormen den lange.

Olav Trygvasson ombord i Ormen den lange.

Ormen Lange var eit vidgjete vikingskip eller langskip som kong Olav Tryggvason av Norge åtte. Det var ein flott busse som kan ha vore opptil femti meter langt, og var eitt av dei største vikingskipa vi veit om. Ormen Lange skal ha vore bygd etter modell av eit anna skip, eit vakkert drakeskip kalla Ormen som seinare vart kalla Ormen Skamme, eller Ormen Korte.

Sidan Ormen Lange var større enn andre skip, med ei høgd frå kjøl til reling som kan ha vore opptil fire meter, gav det store fordelar i strid. Likevel vart skipet teke under slaget ved Svolder, då kongen blei overrumpla av danekongen, sveakongen og norske Eirik Jarl. Då Olav Tryggvason blei skadd måtte han rømme skipet, og drukna truleg i sjøen. Eirik Jarl tok skipet som hærfang, men fekk lita glede av det. Ormen Lange var stygt skadd, og det ville truleg vorte for dyrt å setja skipet i stand og halde det. Det vart lagt i opplag og kanskje brent til slutt.

Ormen Lange vart likevel ikkje gløymt. Det hadde vore vidkjent i samtida si, og forsette å bli nemnt i soger og songar. Ein av desse er det  færøyske kvadet Ormurin Langi, om slaget ved Svolder på saman 86 vers. Dei fyrste 13 versa vart omsett til norsk av Per Sivle (1857-1904), og vart trykt i avisa Fedraheimen i april 1885. Ormen Lange har og gjeve namn til gassfelt i Norskehavet.

Skipet vart bygd i år 996 eller 997 ved Landehammaren i Trondheim. Som kongeskip hadde det eit drakehovud i stamnen og ein drakehale bak. Namnet Ormen Lange kan ha kome av Midgardsormen, ein orm i norrøn gudelære.

Tiril, Noah og Trym

Kjelder:

Bilde frå http://www.sunneleker.no/vikingskip-ormen-lange-p-1670-c-237.aspx

Osebergskipet  

Osebergskipet er eit klinkerbygd skip nesten utelukkande bygd av eik. Skipet er 21,5 m langt, 5 m bredt og med 0,65 m fribord. Det har 15 årepar og ei mast med antatt høgde 9-13 m. Vekta er ca. 11 tonn. En norsk forskar, Jon Godal, meiner at Osebergskipet er bygd etter eit alenmål tilsvarande det sjællandske.

Gravhaugen til Osebergskipet var 44 meter vid og 6 meter høg. Sjølve haugen var laga av torv, men grava i blåleira under haugen var fylt med stein. I denne grava låg det praktfulle skipet, der to kvinner – ei forholdsvis ung og ei gammal – var lagt inn i eit tømra gravkammer bak masta. Skipet var fylt med allslags utstyr ein kunne ha bruk for i dagleglivet – gardsredskapar, kjøkkentøy, senger, vogn og sledar. Arkeologane meiner grava er frå 834. Skipet og gjenstandane i grava må være eldre.

Bak modellen av Osebergskipet var det ekte Osebergskipet gravlagt.

Bak modellen av Osebergskipet var det ekte Osebergskipet gravlagt.

Kven låg i grava?

Den yngste av dei to kvinnene må ha vore av kongeleg ætt, den andre var kanskje en gammal trælkvinne som måtte  følgje herskerinna si i grava, for at dronninga skulle ha den oppvartninga ho var vant til, også etter døden. Mange trudde at ho var dronning Åsa, bestemora til Harald Hårfagre. Men det er det ingen som veit det sikkert.

Dyrehovud-stolpen

Dyrehovud-stolpane er blant dei finaste gjenstandane i grava. Den fæle, opne kjeften skulle truleg skremme vonde ånder eller kanskje gravrøvarane.

Når blei det bygd?

Osebergskipet er eit vikingskip som vart bygd på Sørvestlandet i år 820 og funne i Oseberghaugen ved Tønsberg i Vestfold 10. August 1903. Osebergskipet vart haugsett i år 834.

Drakehovud, Birk

Birk og Rubi

Gokstadskipet

gokstadskipet GokstadskipetFotoKnutPaasche

Gokstadskipet er det største vikingskipet som er teke vare på i Norge. Skipet vart funne   i «Kongshaugen» på garden Gokstad i Sandefjord i Vestfold.  Haugen vart utgravd i 1880.

Ingen veit kven som eigde Gokstadskipet. Kanskje var det Olav Geirstad Alv. Han var ein småkonge frå Vestfold. Dei fann skjelettet av ein mann i båten. Nokon trudde det var Tore Hakland som fall under slaget ved Hafrsfjord.

Gokstadskipet hadde korsmast. Skipet var laga av eik og det var 23 meter langt og 5,2 meter breitt. Det hadde 16 årepar. Seglet var ca 110 kvadratmeter og var laga av vadmel.

Kjelde: http://no.wikipedia.org/wiki/Gokstadskipet

-Guttorm-

Vikingkrigar og vikingvåpen

Hadde vikingbarna ved Førdefjorden slikt utstyr?

Hadde vikingbarna ved Førdefjorden slikt utstyr?

I vikingtida hadde vikingkrigarane våpen av jern! Dei hadde sverd, øks, spyd og kniv. Dei beskytta seg med skjold, rustning, hjelm og jernsko. Dei reiste ut på vikingtokt med hurtige vikingskip.

Smedane til vikingane laga reiskapar til vikingkamp. Dei laga sverd, skjold, spyd, kniv, piler til bogane og rustningar. Reiskapa vart pynta med mønster av store dyr, fuglar og slangar. Det skulle bringe hell og lykke!

-Benjamin-

Dette har vi i 1. klasse lært om vikingar

Vikingutsikt. Bilde: Silje Tombre

Vikingutsikt. Bilde: Silje Tombre

Eg såg tre gravrøyser. Eg brukte kart og fann ei gravrøys. (Matilde)

Eg såg mange steinar i gravrøysa. Dei låg langt oppe. (Eline)

Vikingane hadde rustning og sverd. (Arne Johan)

Eg lærte at dei hadde gravrøyser frå vikingtida i Steinavågen. (Sunniva)

Eg fann ei grav frå vikingtida. Kanskje var det gull og sølv der? (Annika)

Vi trur det var spennande å vere barn i vikingtida. (1. klasse)